Jaktlaget på Torsland fekk i går ein fin okse under elgjakta. Heile 10 taggar kunne ein summere med då oppteljinga var ferdig. Det var den unge, framleis lovande og svært så røynde jegaren, Erik Røysland som klarte å lokka til seg den brunstige stuten. Guten som og er ein lovande gitarist i gruppa 4 Weel Dryve har lokka til seg elg før, ein høyrer når Erik er på skogen. Dette var den tredje elgen ut av ei total kvote på sju dyr som er frakta til slakteriet i Torsland jaktlag denne hausten. Er det andre som har bilete frå elgjakta denne hausten så er det berre å sende inn til redaksjonen.
Bilete med namn på jegarar og jaktlag samt nokre stikkord kan sendast til post(alfakrøll)moisund.com

- Erik Røysland er alt ein røynd jegar. Den unge guten he alt fleire elg på samvetet enn elgjegarar flest.

Lokale sherpaer må trø til når jaktlaget på Torsland skal frakte heim elg. Frå venstre Thomas Thorsland og Christian Røysland. Dei gjorde begge ein framifrå jobb og er alt ein naturleg del av jaktlaget.





