Det er beden inn til etegilde på Moi bedehus neste laurdag kl 15:00. Ein fridag for husmora- og eit høve til sosialt samvær med nære grannar og gode vener. Planen er au at dei som he brukt tøy liggjande på øvsteloftet kan levere dette i same rennet. Trengjande i Russland treng varme klede til vinteren. No er problemet at svært få he meld seg på til denne samlinga, og heile etegildet heng i ein tynn tråd. No ber ein folk frå Moi, og andre stader i landet, om å syne interesse for eit gourmetmåltid av det heilt sjeldne slaget. Fristen for påmelding er måndag 5.oktober kl: 17:00, og komiteen vonar det vert stappfullt i salen. Prisen er på det næraste uhøyrd. For ein 50-lapp fær du heimelaga kompe, kaffe og eit kakestykke. Øveskotet av festen gjeng til stiftinga » Hjelp til Russland.» Påmelding: Grete Moi 90605069 eller Inger Anne Moi Øydne 93899004.





