Frivilligsentralen i Iveland vekkjer åtgaum øve store delar av landsdelen. Eit rivande godt miljø- og stadig noke spanande på programmet. Basarar, festar, strikkekafe og sosialt samkvem av ulike slag. Ivrige, friviljuge ivelendinger lagar til både risgraut og komper som dei servere sine sambygdinger minst ei gong kvar månad. Komper er sjølvsagt svært så populært. På det meste kan 60-70 personar vere innom Bestestaua på ein slik kompedag. Då moisund.com var innom stod det risgraut på matsetelen.

Mykje godtfolk var samla til eit grautmåltid denne onsdagen. Etter ei solid matøkt, eit grann kvile i sofakroken- og gjestane var klar for eit ny samlingsstund. Kaffe, kake - og den gode samtalen med vener, grannar eller sambygdinger dei kan hende ikkje he helsa på sidan sist det var fest på Bestestaua.

Oddleiv Fjellestad er busett på Evje. Den gamle harejegeren er ein trufast gjest når det vert servert kompe eller risgraut i Iveland. Her i venskapeleg flørt med Klara Lilletveit. Dei gamle er framleis eldst.





