Folk åt seg omtrent i hel på komper då det vart beden inn til kompefest- og opent hus på Moi bedehus laurdag ettermiddag. Meir enn 120 mennesk var innom matstova i løpet av eit par hektiske ettermiddagstimar. På matsetelen stod komper, sjokoladekake og kaffe. Alle matpengene vert sendt vidare til aksjonen » Hjelp Russland.» Det vart og samla inn brukte klede til trengjande i aust. Fleire hundre sekkar vart lasta ombord på ein lastebil. Både evjefolk, moifolk- og honndølar strøymde til grasvollen på utsida av bedehuset med fanget fullt av brukte klede. Jakker, bukser, kåper, skjørt og stillongs. Behovet i Russland er enormt- og umetteleg. Neste gong du ser på Dagsrevyen, og du ser Vladimir Putin kome joggande i ei T-skorte med reklame for «Brødrene Hannås» eller YX Evje, ja då veit du at hjelpa frå Moi he kome fram. Ein strålande flott ettermiddag på Moi. Komper i sentrum. Komper for Russland.

Dei hadde ei stri økt med å stable kasser og plastsekker ombord i lastebilen. F.v. Kjetil Moi, Svein Salve Lislevand, Kari Irene Godtfredsen og Øyvind Stokke

Marie Ulldal kom med bilen stappfull av brukte klede. Ei sprek dame.

Elna Greibrokk nytta og høvet til å rydde opp eit grann i vintergarderoba. Etterpå var ho klår for eit kraftig kompemåltid.

Bente Berg vart eit grann øveraska då kjærasten, Tor Harald, ikkje ville spandere på ho ei ekstra kompe. Det vart harde forhandlinger...

Alt ordna seg til slutt. Bente storkosa seg blandt allmogen på Moi.

Lilli Emilie kjem frå ein godt møblert heim på Hannåsfeltet. Kompene sklei innpå i store mengder.

Rektor v/ Hornnes skule tok kraftig til seg frå kompegryta. Ei flott jente- smilande og blid som alltid.

Styraren ved ICA-butikken på Evje, unge Dovland, synte heilt klårt at han kjem frå ein god heim Dovland åt fint, sat greit ved bordet- og ikkje minst så rydda han etter seg.





