
Han er fødd og oppvaksen med sagflis i håret. Han er døypt i Hornnes kyrkje og i kyrkjeboka stend det truleg Olav Hornnes. På ein hyttetur til Tveit i 1976 fekk han tilnamnet ”Plank”. Ein seremoni me skal halde innafor den næraste venekrinsen. Sidan den gong he guten vorte kalla ”Plank,” og utanfor kommunegrensa er det truleg få som kjenner det opphavelege namnet. Det var i 1989 at Plank tok øve det tradisjonsrike sagbruket etter far sin Grunde Hornnes. Folk med kjennskap til lokalhistorie seier det he vore sagbruk i desse lokala i meir enn 100 år. No driv han verksemda vidare på tredisjonellt vis. Ei verksemd som stundom er avhengig av både rå muskelkraft og tunge løft.Marknaden er tøfff og Plank må stadig ut i felten og sloss med dei store aktørane, Likevel he han funne si eiga nisje og sine trufaste oppkjøparar. I tillegg til ordinær bygningsmaterial skjer han ein del villmarskspanel og grovt laftetømmer. Hornnes Sagbruk er eit varemerke som mange handverkarar set pris på. Eit sagbruk der tradisjonane stend i kø og der kvaliteten er rotfesta meir enn 100 år attende i vår lokale historie.
Sagføraren på Hornnes er ein forsiktig kar. Han legg ikkje grunnlaget for dei store og dramatiske øveskriftene. Omlag 1000 kbm tømmer vert levert til sagbruket kvart einaste år. Det meste frå lokale skogeigarar. Skulle tømmertilgangen verte klein så veit han nok råd den røynde sagføraren, Olav Plank. Sjølv he han skjøte på ein av dei gildaste skogeigedomane i kommunen. Ikkje noke tema når journalistar er tilstades. Me tek til å mimre om ungdomsåra. Om hytteturane. Han tek på seg øyreklokkene, peiker på dynna og startar både høvelmaskin og sagblad. Ein mann på Brokke venter på laftetømmer til eit nytt hyttepalass. Laftetømmer frå Plank. Frå Hornnes Sagbruk.






