x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

oktober 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« sept   nov »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
logo-gsi

No ventar dei på snø- og OL

Tre blide hoppereOtra sine lokale hoppstjerner deltok sist helg på det siste plasthopprennet denne sesongen. Tevlinga gjekk føre seg i Brattåsen i Arendal. No venter våre lokale idrottstjerner på vinter- og snø. På bilete ser du Glenn Qvam Håkonsen (f.v. ), Håkon Helgesen – og den evig unge Jon Terje Hegghaug. Helgesen syner seg å vere Aust Agder sitt håp når det gjeld billett til OL i Canda. Han he tidlegare representert Noreg under junior- VM i 2004.  I Brattåsen fekk evjegutane synt at treninga he vore rett- og at formen er stigande. ( Alle bilete er teken av: May-Britt Hegghaug )

Glenn Qvam Håkonsen synte seg å vere Otra sitt sterkaste kort. Han vart nr 4 i veteranklassa med eit luftig svev på 37,5 meter. Lengda var lik i båe omganger, og det meldast frå Arendal at stilen til unge Håkonsen var i ei klasse for seg sjølve. Me skal heller ikkje gløyme Hegghaug. Han klemde til med eit lengste hopp på 36,5 meter og vart ført opp som nr 6 på den offisielle resultatlista. Om 100 dagar er det «veteran OL » i Planica. Gutane frå Evje he såleis eit klart mål med den harde treningsbolken dei no er inne i.

Jan Terje Hegghaug svever høgt. Bilete er teken på Lillehammer.

Jan Terje Hegghaug svever høgt. Bilete er teken på Lillehammer.

Håkonsen i luftig svev øve kulen. Bilete lyg eit grann. Det kan sjå ut som guten lander ein stad uye mellom grasvollen og tribuneanlegget. Dette er feil. Glenn landa fjellstøtt. Midt i bakken.

Håkonsen i luftig svev øve kulen. Bilete lyg eit grann. Det kan sjå ut som guten lander ein stad ute mellom grasvollen og tribuneanlegget. Dette er feil. Glenn landa fjellstøtt. Midt i bakken.

Tre blide hoppere

Stengt for kommentarer.