Med hjelp av trugne stråmenn, og velvillige ambassadørar, er no store delar av sentral-Europa tapetsert med reklame for nettstaden moisund.com Byane Krakow, Barcelona, Praha, Warzawa, Roma, London, Skagen og Hirtshals er nokre av metropolane der det er klistra opp fleire hundre reklamemerker, maken til dei du ser her. Fleire sambygdinger he alt meld attende om funn både i gamlebyen i Praha, ved presidentpalasset i Praha , på «Ramblaen» i Barcelona – og i Soho i London. Dersom du, på rundreise til nokre av desse, eller andre europeiske storbyar, finn eit slikt merke-så kan du take eit bilete og sende til oss. Skriv ned nøyaktig adresse, tid- og klokkeslett- og du kan vinne ein stasleg gåvepremie frå nettredaksjonen. Eksklusivt og kostbart, med høg samleverdi. Tevlinga gjeld ikkje dersom du finn slike merker i Noreg, og det er berre høve til å sende inn eit bilete / eit funn for kvar husstand. Tevlinga gjeld ikkje for bilete som er teken før den 23.10.09 Lukke til med den eksklusive, internasjonale skattejakta.






