Laurdag 10. oktober vart det skipa til kompefest på Moi. Samstundes var det innsamling av nye og brukte klede til trengjande i Russland. No er rekneskapen gjort opp, og komiteen ynskjer å takke alle som deltok med sitt verdfulle bidrag. Kompene fall i smak, og folk åt som det skulle vere deira siste måltid. Ein gild ettermiddag i bygda. Til våren klemmer me til med ei ny innsamling og eit nytt etegilde. Dersom vinterkåpa krymper i skåpet, eller skibuksene he gjenge ut på dato- ja då veit du at i april månad kan du levere slikt på Moi. Me takkar så hjarteleg for 10410.- kroner og omlag 1,2 tonn med gode varme klede.





