Logo
Maskinsalg Honda1
Evjetun-logo

Trykk på bilete for å lese meir

Kva skjer?

Landbrukstilskot

Netthandel

oktober 2009
m ti o to f l
« sept   nov »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 10 Gjester.

30 år i manufakturen si teneste

Klemmet TorgersenHan kom frå sprøytespisser og gassbind på sanitetsmagasinet på Evjemoen for 30 år sidan. Mangel på spelarar hjå bedriftslaget til Handel & Kontor var hovudårsaka til at Klemmet Torgersen vart henta frå teneste hjå Kongen- til teneste som selgjar innan manufaktur. Før han kunne signere arbeidsavtalen måtte den spreke guten underteikne ei livslang kontrakt med bedriftsfotballaget. Ein kontrakt på heile 14 sider kor han lova å gje alt for fotballen.

Slik var tilhøva den gong. Reklamenutgiftene var gjennom bedriftsfotballaget, sponsa fullt ut av handelsforeininga. Slik er det i dag og, men ikkje på Evje. Bedriftsfotballen er historie, men Klemmet er framleis i arbeid hjå Lars Kile. Her har han vore i 30 år denne hausten. Han var med då det nye bygget vart opna under førjolsstrida i 1979. Lars Kile, som i dag er administrerande direktør i verksemda, byrja som tilsett hjå Thomassen frå Vennesla, i butikken som den gong heite “Evje herre og gutteklær”. Han minnast at omsetnaden i mars 1970 var på rundt 8000 kroner. I dag har verksemda ei årleg omsetnad på rundt 7 millioner kroner (NB! Ikkje 20 som med skreiv fyrst)! Lars tok øve verksemda i 1975 og sidan den gong har omsetnaden auka jamt og trutt. Han minnast godt ei gong det kom inn ein Åsdøl ein laurdag ettermiddag klokka 13:00. Han kom i ei dongeribukse, T-skjorte og tresko. “Dykk må hjelpe meg, eg skal vere i bryllaup i Grimstad klokka 15:00 og treng klede”. Klokka 13:30 drog Åsdølen til Grimstad. Dressa opp frå topp til tå. Mange gode historier vert fortalt av Lars og Klemmet. Veteranar innan kleshandel på Evje. Dei har og hengjande ein hundrelapp i glas og ramme. Ein angrande kunde sendte eit brev, innehaldande ein hundrelapp, og med med fylgjande melding. “Eg var innom i sumar hjå dykk. I den forbindelse fekk eg hundre kroner for mykje i veksling – Vyrdsamt….”.

I dag er Lars Kile ein stad for moderne klær. Ein av dei få innan bransja som framleis ikkje høyrer til i noke slag kjedesamarbeid. Sjølvstendige som dei har vore heilt sidan byrjinga på midten av 70 talet. Frå nyttår er det dottera til Lars som tek øve verksemda. Ei verksemd i vekst.

Frå venstre: Klemmet Torgersen, Nina Berntsen og Lars Kile.

Frå venstre: Klemmet Torgersen, Nina Kristin Kjetså og Lars Kile.

Klemmet Torgersen veit alt som er å vete innan manufaktur etter 30 år i bransja.

Klemmet Torgersen veit alt som er å vete innan manufaktur etter 30 år i bransja.

Butikken til Lars Kile vart opna for 30 år sidan

Butikken til Lars Kile vart opna for 30 år sidan

Stengt for kommentarer.