x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

oktober 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« sept   nov »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031  
logo-gsi

Det ligg 10 000 kroner i potten

Planområde med sonerHe du ei mening om korleis Evje sentrum bør utformast i framtida ? Kommunen er oppteken av at så mange som mogleg av innbyggjarane skal seie si meining om dette. Eit viktig planarbeid er i full gong.  Det vert no lyst ut ein konkurranse der det beste forslaget vert premiert med ein sjekk pålydande 10 000 kommunale kroner.Alle kan delta i denne tevlinga- både store og små. Viktige føresetnader i forslaget ditt må vere at dette er noke som er framtidsretta og som verkeleg  kan gjennomførast.  Ein spenstig- og kan hende utradisjonell tenkjemåte vil truleg verte høgt verdsett av juryen. Her he du verkeleg høve til å vere med på å utforme framtida i ditt eige nærmiljø. Dette må då vere eit framifrå forslag til gruppearbeid i skulane. I premiepotten ligg det altså 10 000 kroner.  Du verden for ein pylsefest det kan verte av ein slik sum.  No bør ungdomen, og lærararne  i bygda vakne. Svarfrist for innsending av forslag er den 20. januar i 2010. Mange forslag er alt kome inn, men Kari Røynlid, som er plan og miljøsjef i kommunen, ynskjer seg mange fleire friske fråspark i planprosessen.

Stengt for kommentarer.