Normalt så er ein vande med at idrottslag, fotballklubbar, lag og foreininger ofte klagar sin naud til kommunen og til lokale politikarar når pengeskrinet er tomt. Fotballklubben Start kan vel vere eit døme på ein slik ukultur. Eit pengeforbruk som er hinsides all fornuft. Ei lokal «losje» med blankpolerte firmabilar og særs høg sigarføring. På [...]
Det opprettes ny stilling i 100% som veileder ved NAV Evje. Hovedansvar er kommunens introduksjonsprogram for flyktninger, lov om sosiale tjenester og mål om arbeid og aktivitet for brukere. Vi søker etter sosionomer og andre med relevant sosial- og helsefaglig bakgrunn. Søknadsfrist 1.januar 2010
Det er stadfesta at Marnar Bruk v/ adm.dir. Per Birkeland er på jakt etter ei høveleg tomt til nytt impregneringsanlegg. No er lokaliseringskampen i gong. Det er omtrent som når eit nytt OL skal tildelast ein eller annan hovudstad på verdskartet. Birkeland ser truleg på kartet for Indre Agder, og venter no på fleire gode [...]
Når pinnekjøtet er eten opp, glasbollen med riskrem er tom- og du he slurpa i deg den siste rest av ribbefeittet, då er det tid for idrott og fysisk aktivitet. Lekamen treng rørsle. I tråd med god tradisjon vert det og i år skipa til volleyballturnering i romjula. Åstaden er Otrahallen på Hornnes, og stemneleiar [...]
Midtvegs mellom Varhaug og Nærbø. Hå kommune. Du høyrer tungtrafikken dundrer forbi på RV44. I skipsleia seiler oljetankarar på veg mot oljeterminalen i Tananger. På styrbord side fær dei Jæren Rev. Eit farefullt farvatn og eit verhardt område. Madland Havn vart bygd som ei småbåthamn på 1930 talet. I dag vert denne lokale kulturskatten teken [...]
Det er ikkje berre i Eikerapen at Spurvehauken trekk inn til garden og forsyner seg av brødmaten på fuglebrettet. Hjå Oddmund Strømstad, på Moisund, er dette eit kjend fenomen. Biletet vart teken på tunet hjå Oddmund tidlegare denne veka. Hauken sit og ventar på ny forsyning av gamal stomp og anna vomfyll. Me oppmodar framleis [...]
Sundag 29.november er det på ny klart for ein kinokveld på Evjemoen Kino. Kl 18:00 står jolefilmen «A Christmas Carol» på programmet. Kl 20:00 er det klart for filmen «The Twilight saga – New Moon». Begge filmane he fenge terningkast 5 og he ei nedre aldersgrense på 11 år. Sjå meir på www.filmweb.no.
Om det gamle samyrkjelaget på Moi vert opna att neste år er framleis eit ope spursmål. Det er likevel heilt klårt at lokale entrepenørar og maskineigarar er i ferd med å førebu ein storoffensiv. Maskinparken aukar for kvar dag. Traktorar og gravemaskinar stend klare på industriområdet. Torsdag vedtok eit samrøystes planutval i Evje & [...]
Ein adventskonsert vert aldri det same etter denne kulturkvelden i Evje kyrkje. Repetoaret strekte seg frå tradisjonelle jolesonger til Wienervals, Metallica, Grease, slåttar og stev. Det var den interkommunale kulturskulen som mønstra ein del av sine elevar til framføring i kyrkja. Piano, orgel, fiolin, hardingfele, gitar og trompetar av ulike slag. Ballett og dans. [...]
Sjølv om vergudane ikkje var på lag, og regnet kom ned i store mengder, var ikkje dette nok til å holde Åsdølane heime frå opninga av jolegata i sentrum. Med eit variert program frå scenen, og fullt med utstillarar i sentrum, var det trongt om plassen i Austrud denne fredagskvelden. Ordførar Oddmund Ljosland [...]
Det stunder mot vår, varmare kveldar og ein hektisk fetivalsumar. I Eikerapen er det meste i rute. Festivalen vert skipa til i tida 4.-8. august 2010, og det vert underhaldning av beste slag frå 6 ulike scener. Alt no kan me røpe at den vidgjetne gruppa CC-Cowboys vert å finne på festivalen. Det same gjer [...]