Fredag den 19.november nådde nettstaden nye høgder. Denne dagen vart det registret 19 299 sidevisninger på www.moisund.com. Dette er ny rekord og redaksjonen spør seg no. Kor skal dette ende? Me nytter samstundes høve til å takke sponsorar -og trufaste lesarar rundt i alle verdsdelar. Med nye mål og nye planar vonar me at me [...]
Resultatservice. Inspirert av ein lokal noregsmeister, og med regn og haustflaum kring hushjørna, ligg tilhøva vel til rette for topp innsats i den lokale bowlingturneringa » Bowling er gøy.» Moisund.com held bygdefolk, og resten av idrottsnoreg, oppdatert på dei siste resultata.
Englevingen misjonforening vart skipa til for omlag 10 år sidan. Valborg Hauan, ei av drivkreftene, kan ikkje heilt stadfeste korkje årstal eller dato. Det er no likevel ikkje det viktigaste her. Den vesle misjonsforeninga, med 7 faste medlemmer,er tilknytta det Norske Misjonsselskap. Kari Undeland Heisel er leiar. Englevingen er ein svært så aktiv samskipnad. Ein [...]
Fredag 20. november vart ein stor dag hjå Setesdal Bilruter. Denne dagen vil og gå inn i soga som ein merkedag for Evje & Hornnes kommune. Ordføraren var på vitjing, og han bar tungt. Med seg hadde han ein stor diplom i glas og ramme. I kantina var bordet dekka til [...]