Medan drøymen om eit nytt kulturhus på Evje framleis surrar i korridorane hjå lokale politikarar- og blandt godtfolk flest, så er arbeidet med eit tilsvarande prosjekt kome noke lenger i byen. I Kristiansand. Kulturhuset «Kilden» er i ferd med å take form. Som kjend er det m.a. Trebyggeriet på Hornnes som stend bak- og skal levere den så mykje omtala «Bølgeveggen.» Tom Øverland, sjølv busett i Kristiansand, tok med seg fotografiapparatet og innspiserte byggjeplassen. Bileta kan du sjå her. Eit mektig og monumentalt byggverk

Frå parkeringshuset- gjennom eit hol i gjerdet...

Kilden, sett frå baksida

Kulturhuset sett frå ein heilt annan vinkel. Dette må med rette kunne kallast ei "storstove" for byfolk.

Førebels manglar det nokre detaljar før "Kilden" er ferdig innvortes.






