Tekst og foto: øystein moi. Som såpeselgjar, med halve kongeriket som nedslagsfelt, opplever ein mangt og mykje langs landevegen. Stundom svinger ein av frå hovudvegen og kjem til nye og ukjende gardsnamn- og ikkje minst så er det på slike stader ein treff mykje spanande folk. Livet er på mange måtar meir avslappa når ein kjem ut der som vegen manglar gul midtstripe. I året som no ligg bak oss køyrde eg fleire gonger Hardanger på kryss og tvers. Spesielt Sørfjorden meiner eg er ei naturperle av dei heilt sjeldne. Når Folgefonna speglar seg i vassflata- og epletrea stend i blom, ja då er det som eit eventyr her inne blandt fjord og fjell .Sørfjorden er ein 38 kilometer lang sidefjord av Hardangerfjorden .Fjorden strekk seg frå der Utnefjorden deler seg i Sørfjorden og Eidfjorden -og sør til Odda. På ein av desse turane var veret- og ikkje minst fargespelet heilt spesielt. Eg tok nokre bilete som syner noke av det finaste av norsk natur.









