Sveindal er ei bygd med framtida framføre seg- det meinte i alle fall ordførar i Audnedal, Tønnes Seland, då han helsa kring 100 bygdefolk som var møtt fram til «ljosfest» i det sterkt traffikerte vegkrysset på Rv 42. I papira til ordføraren er det mykje som tyder på at Sveindal alt i 2012 vil få eit nytt, moderne og trafikksikkert vegkryss. Denne kvelden var det likevel gateljoset dei var komen for å feire. Eit prosjekt dei he kjempa for sidan 1982. Utan å vike så mykje som ein tome så he, no 85 år gamle, Ola F. Bransdal kjempa for ljos på Sveindal i 27 år. Tysdag 22 desember vart Ola heidra med fagre ord, blomar frå ordføraren- og kommunale kveitebollar.Så tok dei til med nedtelinga. Omternt som då amerikanarane sende den fyrste mannen til månen. 10-9 -8- 7- 6 -5 o.s.b. Brått låg sentrumsgata på Sveindal kveikja i elektrisk ljos. Møtelyden klappa i hendene og song kristelege jolesongar. Ola F. Bransdal var tydeleg stolt, og ordførar Seland hadde heilt tydeleg ei tåre i augekroken. Den venstre. Endeleg eit prosjekt som lukkast. Odd Butveit var ikkje å sjå.

Folkefest på Sveindal. Nysnø, 4 kuldegrader og sterk vind. Folk kosa seg i medbrakte campingstolar. Ordføraren serverte kommunale kveitebollar. Eit hardført folkeslag.

Ein lokal blånisse hadde og funne vegen inn blandt byråkratar, politikarar og andre lokale samfunnstoppar.









