Det er vel ingen tid då tradisjonar er meir viktige enn i samband med jolehøgtida. For nokon er det ribbe, pinnekjøt eller andre rettar som er tradisjonsbundne med jolekvelden. Ein ting som for mange er ein fast tradisjon som vert teken vare på kvart år er jolegudstenesta i si eiga kyrkje. Slik er det og på Hornnes. Ei fullsett kyrkje kvart år. Den einskilde familie har sitt faste sete, år etter år. Slik er tradisjonen og slik vil det halde fram – i komande generasjonar!

Presten synte fram si eiga ynskjeliste under gudstenesta. Ein fin preken var det - også for dei aller minste.

Forutan orgelmusikk så var Johanna og Solveig Omdal og med og spelte til songane.






