Så tek me fatt på eit nytt og spanande år. Landsdelen he dei siste dagane synt seg frå si aller beste side. Snødekt landskap, ein knallblå himmelkvelv og fantastisk skiføre frå hav til hei. Temperaturen he mange stader krope tett ned mot 30 – talet. På Hannnåsfeltet, på Moisund, vart det det på onsdagskvelden målt 29,2 grader. Mange sender oss fine vinterbilete no om dagen, og me legg desse ut på nettstaden med jamne mellomrom.

Lovlause tilstander i skjærgården i fylgje fotograf Tom Øverland.

Måneskinn over Østre Hodne på nyårskvelden. foto: moisund.com

Vinterstemning på Gautestad. Foto: Alf Andersen

Motiv frå Odden Hage på Evje. Foto: Alf Andersen

I Kristiansand er det nå eit stort problem med skru-is. Foto: Tom Øverland

Når det er trongt om båtplass, og prisane stig til himmels, då lyt ein take båten med heim i hagen. Foto: Tom Øverland.

Alpinsesongen er i full gong på Bortelid. Foto: moisund.com

Sykkelrute nr 3 gjennom Setesdal er framleis eit populært turistmål. Foto: moisund.com

Samyrkjelaget på Moisund held stengd måndag 4. januar på grunn av vareteljing. Foto: moisund.com

Den utflutte valldølen, no busett på Oddestemmen på Evje, Oddvar Aamlid he vore på Bjorå i nyårshelga. Her he han retta kameralinsa mot Breiflå og RV 9. Eit mykje fotografert motiv i sumarhalvåret, men då med objektivet peikande i motsett himmelretning.