x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

januar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« des   feb »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Ei god romjol i skibakken på Ljosland

PRESSEMELDING! Det vart ei kjempe romjol på Ljosland med mykje folk i både bakkar og løyper! Me åpna det eine trekket 19.desember, og resten av anlegget 2.joledag. Sjølv med to færre driftsdagar i forhold til desember 08, har me hatt ei omsetningsauke på omlag 17% før nyttår. Dette kan nok òg ha ein samanheng med at dei to andre skianlegga i Åseral kun hadde åpent delar av anlegga, og at fleire som held til på Eikerapen og Bortelid fann vegen til Ljosland. Det har vore kaldt og fint ver, og forholda i bakken har vore svært gode til å vere så tidleg i sesongen.

Det er godt me har ei romsleg varmestove, så folket fekk tint seg opp men ein kopp varm kakao ei gong iblant. Etterspørjinga etter ski- og brett – instruksjon var óg stor, så instruktørane fekk ein travel start på sesongen med å læra folk frå ulike nasjonar kunsten å klara seg i bakken. Rails og Big-Jump fant og plassane sine tidleg i romjola,og vart hyppig brukt. På Ljosland Skisenter har me åpent kvar helg framover frå kl.10 – 16, og me åpnar gjerne midt i veka for skuleklassar! Me vil i tillegg ha åpent i vinterferien i veke 8 og veke 9.

Foto: Jorunn Ljosland

Stengt for kommentarer.