x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

januar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« des   feb »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

He aldri opplevd maken

Øyvind Lantz, dagleg leiar hjå verksemda Lantz Auto på Evje, seier han aldri he opplevd maken til denne jole- og nyårshelga. Han veit kva han talar om. Øyvind he jobba på verkstad- og med kranbilar i meir enn 30 år. I gjennomsnitt sveiv kranbilen 15 timar i døgeret. Stundom hadde han to bergingsbilar på vegen. 75 % av dei som trong hjelp høyrer til kategorien «hyttefolk.»  Sjølv moderne dieselbilar slit når kvikksylvet sig ned mot 30 kalde gradar.I dei aller fleste tilfella klarar sørvisfolka å få starta dei nedfrosne bilane på åstaden. Er det verkeleg ille er det ikkje anna å gjere enn å take med seg isklumpen på bergingsbilen og setje havaristen til opptining inne på verkstaden.

Slike djupfrosne eksemplar av den norske bilparken er det lite ågjere med ute i felten. Eit døger i oppvarma verkstadlokale plar likevel ordne det meste.

Lantz ber folk vere uhyre varsame med å nytte startkablar. Dette gjeld særskilt for nye, moderne bilar som for det meste er stappfulle av datateknologi. Gjer du den minste feilen her kan tilsend faktura verte lite hyggeleg lesestoff. He du bil av nyare modell så er det heller ikkje tilrådeleg å skru ut batteriet og setje dette inn til oppvarming i stova. Då kan du, eller rettare sagt merkeverkstaden, få ein himla sjau med å programmere elektronikken på nytt.

Og kulda held fram. Hjå Lantz Auto er dei framleis førebudd på travle dagar- og kveldar. Med ein brenn ny sørvisbil på tunet er dei klåre for dei mest utfordrande oppgåvene.

Stengt for kommentarer.