Logo
Maskinsalg Honda1
Evjetun-logo

Trykk på bilete for å lese meir

Kva skjer?

Landbrukstilskot

Netthandel

Panelhvitt

På sida no:

  • 0 Medlem.
  • 10 Gjester.

Korleis vert det nye Evje sentrum

Ikkje berre for politikarar- men også for folk flest

Arbeidet er i full gong. Vegen vidare for Evje sentrum  byrjar å take form. Dete er eit arbeid som på mange måtar engasjerer heile bygda. Ikkje berre folkevalde politikarar og offentleg tilsette byråkratar. Fleire folkemøte er skipa til og frammøte he vore tåleg bra. Dette er [...]

Skeisebanen i Hornneskilen er opna!

I Hornnesvika er det og laga i stand ein fin skeisebane som alle som gjerne vil ut på skeisene nå i kulda, kan nytte. Det er Geir Egil Dyrland, Bjarte Frøysnes, Hugo Kjetså og andre lokale skeiseentusiaster som har stått for opparbeidinga. Ljosanlegg er og montert, men kan hende ikkje like flott som hos [...]

Eit komplett bilsenter

Knut Birkeland tok fagbrev som bilmekanikar i 1984. Kjend øve heile Sørlandet for sin spisskompetanse når det gjeld bilelektronikk. Idag driv han verksemda “Autoservice” på Evje. Totalt 8 personar på løningslista. Fagfolk innan dei fleste område som he med bil å gjere.  Lakkering, oppretting, Tectyl, elektronikk og mekanikk. No vil Knut satse tungt på bilsal. [...]

Skeisebanen på Sandbekk er opna

Det meldast om fine tilhøve på skeisebanen på Sandbekk. Banen strekkjer seg frå pumpehuset inne i kanalen- og omtrent ut til djupålen. Banemeister Kåre Eikild he måka snø, og kan stadfeste at kvaliteten på isen i år er sjeldan god. Skeisebanen er open heile døgeret. Banemeisteren he nemleg montert eit kraftig  ljos som spreier seg [...]

Vedfyring er i skotet som aldri før

Dagfinn Madsen er avdelingsleiar hjå Odde Sagbruk på Evje. På dynna stend det tydeleg “Setesdalens Varmesenter.” Ein heilt naturleg stad å søkje huslyd i desse dagar. Dagfinn er ein ringrev i denne bransja. Ein kar som he fydd utviklinga i årevis. Kvart år sel han vedomnar for halvannan million kroner. Vedomnar av alle slag. Oljekaminar [...]