x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

januar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« des   feb »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Eit komplett bilsenter

Knut Birkeland tok fagbrev som bilmekanikar i 1984. Kjend øve heile Sørlandet for sin spisskompetanse når det gjeld bilelektronikk. Idag driv han verksemda «Autoservice» på Evje. Totalt 8 personar på løningslista. Fagfolk innan dei fleste område som he med bil å gjere.  Lakkering, oppretting, Tectyl, elektronikk og mekanikk. No vil Knut satse tungt på bilsal. Nye- og brukte bilar.

I dag er Birkeland forhandlar for bilmerka Kia og Daihatsu. Bjørn Dovland, tidlegare BD-Bil, la eit godt grunnlag for desse bilmerka. Stadig kjem nøgde kundar innom forretninga på Verksmoen og tingar seg ny bil.  No vil Knut utvide både sortimentet- og bilforretninga.

Han treng meir plass og er i god dialog med huseigaren. Fleire spanande bilmerke ventar på plass i den nye, utvida bilforretninga. Kva slag bilar dette er lyt vere ein løyndom nokre dagar til. Moisund.com er lova ein eksklusiv rett til å kunngjere dette.

Autoservice på Evje er eit komplett bilsenter.

Arbeidsmengda er jamn- og stigande seier Knut Birkeland. Me he beint fram ikkje kapasitet til å take i mot meir enn kva me gjer i dag. I tillegg til verkstaden og bilforretninga er verksemda representant for bilbergingsfirmaet » Falck.»

» Ein ting er klinkande klårt, og heilt fånyttes å diskutere. Vegsaltet øydelegg bilane. Dette ser eg døme på kvar einaste dag.» Eit samfunnsproblem som Birkeland haustar frukter av heile året. Øydelagte bremser og sundrusta hjuloppheng er ikkje berre eit samfunnsproblem- det er framfor alt ein tryggleiksrisiko.

Telefonen ringer konstant. Eit godt teikn for ein forretningsmann som lever av nøgde kundar. Snart kan du vele i eit breit utval av nye bilar hjå Autoservic. Spanande bilar. Når kontrakta er signert kan du lese om denne nyhenda her på nettstaden. Moisund.com

Stengt for kommentarer.