Bygdekoret, ein samskipnad for songfuglar frå Evje & Hornnes – og Bygland, er alltid eit populært innslag når det vert skipa til konsertar i våre lokale kyrkjebygg. No he dei m.a. lagt bak seg ein bolk med fantastiske kyrkjekonsertar. Ein flott, samansveisa gjeng som serverer kjende og kjære toner på eit høgt musikalsk nivå. Byglandsjenta Lisbeth Fossdal er leiar for koret, og ber oss gjere kjent at dei no tek til på ein ny sesong, med friskt mot og godt humør. Fyrste øving vert i musikkromet på Evje skule, tordag den 14. januar – klokka 19:30. Dirigent er Oxana Emmelkamp. Fossdal ynskjer både nye – og gamle kormedlemmer velkomne. Me andre kan berre glede oss til neste konsert med Bygdekoret.





