Redaksjonen fær mange telefonar kvar einaste dag frå uroa sambygdinger som er livredde for at omkøyringa kring gardane på Fennefoss skal halde fram til lenge etter St. Hans. Einskilde meiner beint fram at byggjearbeidet på den nye brua he stogga heilt opp. Me tek ein telefon til byggjeleiar Knut Asbjørn Koland. Det syner seg at den guten he full kontroll på både kuldegrader, betong- og forskaling. Torsdag ettermiddag hadde Koland byggjemøte med folka sine på Fennefossbrua. Arbeidet er i rute- og alt tyder på at det vert opning av den «nye» brua innan 1. februar. Noke etterarbeid og finjusteringer må påreknast men det skal me då endeleg klare å leve med. Det gjeng mot ein roleg vår på Fennefoss. Heilt etter planen.






