Kurva er stigande når det gjeld besøkstala på kinoen i Iveland. Ja me he no lenge visst at dette er eit kulturellt folkeslag. Filmen «Julenatt i Blåfjell» var den mest populære filmen med heile 60 betalande ivelendinger i salen. «Knerten» kom på ein solid andreplass- medan den verdskjende «Harry Potter» måtte nøye seg med den siste plassen på sigerspallen. I gjennomsnitt var det 39 personar som løyste billett til kvar framsyning. Ny halvårsrekord og ei ljosning på himmelkvelven øve kulturhuset på Birketveit.





