Dugnadsgjengen på Høgås-skianlegg er stadig i kjømda med nyhende og utbetringer. I desse dagar monterer dei opp siste ljospærene på stolpar attmed skiløya. Ljosløypa på Høgåsmyrene er no forlenga til ei sløyfe på 2,4 km. Det er og montert sterke og klåre ljos i løpa inn mot lavoen. Torsdag 21. januar, kl 18:00, vert løypenettet offisielt opna med eit klubbrenn i langrenn. Då er det lova ljos i alle lampene, klisterføre og god sikt i skisporet inn øve viddene mot Himmelsyna.





