«No hadde Doktorkåna herska og ballert noko veldig, så nå var det godt å setje fua nedpå. Men, ho var no ikkje munnvalen, om ho var trøytt. Doktorkåna hadde mest ikkje fått togge ferdig jolemiddagen før ho pakka skreppa med ski og stavar og for attende til Birkebeinarane hit på Austlandet. Det hjelpte ikkje koss ho bar seg, for ut å springa måtte ho, om gradestokken var nær på klaka. Einaste trøysta var at ho ikkje var åleine, og godt for skrotten var det – det kjende ho på seg». Vil du lese meir frå joletalen til doktorkåna i Åseral, må du trykke på lenka: Stoda i helsa ved joleleite 2009





