x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

januar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« des   feb »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
logo-gsi

Åseral kommune- friskast i heile landet!

I desse tider kor sjukefråveret er eit mykje omtala tema, er det Åseral kommune som kjem best ut i heile landet når det gjeld fråver frå arbeidsplassen. Med 2,6 prosent fråver er det ingen andre som er i nærleiken av kommunar i landet. Ordførar Oddmund Ljosland, er øvetydd om at samspelet mellom leiinga og tilsette er ein av hovudårsaka til det poitive talet. Evje og Hornnes kommune er og med heilt i toppen av lista. Her er det eit fråver på 4,8 prosent som gjer at kommunen kjem på ein heiderleg 6.plass.

Medan Åseral kommune toppar lista øve dei «friskaste» kommunane i året så er det Evenes kommune som kjem heilt på botnen. Med eit sjukefråver på heile 16,9 prosent så er det liten tvil om at denne kommunen, som har eit innbyggjartal i nærleiken av Åseral, har heilt andre utfordringar å ta hand om.  

Dei 6 «friskaste» kommunane i landet. (Alle tal i prosent)

  • Åseral – 2,6
  • Ulvik – 3,7
  • Flakstad – 4,0
  • Lund – 4,1
  • Rollag – 4,3
  • Evje og Hornnes – 4,8

Dei 6 «sjukaste» kommunane i landet. (Alle tal i prosent)

  • Evenes – 16,9
  • Sør-Varanger – 15,1
  • Grue – 15,1
  • Ballangen – 15,0
  • Harstad – 14,7
  • Tjeldsund – 14,5 

Kjelde: KS

Snøleik i arbeidstida mellom (frå venstre) Kristina Homme, Rune Stokke, Gerd Linjord, Oddmund Ljosland og Janne Elvenes

Ordførar Oddmund Ljosland er svært nøgd med resultat i Åseral og meiner at det i tida frametter er viktig å ta vare på det gode samhaldet og miljøet i kommunen.

Stengt for kommentarer.