På Evje he boklærde folk frå inn- og utland site i hop natt og dag den siste veka og snekra i hop ein ny plan for Evje sentrum. Eit av dei mest oppsiktsvekkjande resultata er at det no er planar om å gjere delar av Stamvegen gjennom Setesdalen, Rv 9 ,til ei miljøgate. Nedsett fartsgrense til 40- eller 50 km/t og med blomekassser og grønmåla benker langs den gule midtstripa. I Iveland tenkjer dei annleis. Der er dei slett ikkje inne på tanken om å setje ned farten. På Fjermeros, der dette biletet vart teken fredag ettermiddag, tenkjer dei heilt annleis. (foto: for moisund.com – N.T.H. )





