Det vart meir enn nok reker til dei som hadde møtt fram til den årvisse hendinga i Moi røystekrins. Tidlegare he det vore så mykje folk tilstades at ein he måtte vere tidleg ute for å sikra seg stol til den årlege rekefesten. Laurdagskvelden var det igjen beden inn til gjestebod. Fleire titalls kilo med store saftige reker var lagt ut. Ordførar i Vennesla, Torhild Bransdal var kveldens hovudgjest og talar. Den blide Hægelandsjenta heldt ein tale som det på Moi vil gå gjetord om i mange år frametter. Folk lo og hadde det moro då jenta fortalde om vegen hennar innan det politiske liv og heilt attende til barndommen. Torhild he aldri teke seg sjølv høgtideleg. Ordførar eller ikkje: «Æ begynte ikkje å gå før æ va to år gammel, det va ikkje noe galt med mæ, æ æ bare født doven».
Elles vart det sjølvsagt å ete så mykje reker ein kunne klare å svelgje unna. Arild Øgreid og Rune Vidar Fjelde frå Helleland og Egersund song til kjende toner. Magne Kjetså leia som vanleg festen med ei stø hand, medan Ole sov ein liten skvett. Ja alt var slik det plar når det er rekefest på Moi Bedehus. Diverre var det for mange ledige sete attmed bordet denne gonga!

Arild Øgreid på keyboard og Rune Vidar Fjelde på gitar som begge kjem "vestafor", undeheldt møtelyden med song og musikk







