Eit evigvarande spursmål. Kven he den lengste på Evje, i Dåsvannsdalen- eller kan hende i heile Setesdalen. Eit gloheitt tips gjorde at me rykka ut med fotoapparat og skriveblokk på fredags ettermiddag. No he me truleg eit mellombels svar på dette spursmålet. Dersom nokon sit inne med andre kjennslevare opplysninger om emnet så tek me gjerne i mot fleire tips. Det var hjå industriverksemda Setpro as på Verksmoen me fann eit eksemplar av dei heilt sjeldne. Truleg den lengste hagebenken- og det lengste hagebordet på heile Sørlandet. Heile 12 meter frå den eine enden til den andre. Sitjeplass for 40 personar. Kven he så tinga eit slikt møbel til uteplassen. Jau, kven andre enn matstova midt i Evje sentrum- Møteplassen. Sentrumsgata vert aldri den same etter dette. For å sikre seg at det ikkje vert trongt om plassen så he like godt Møteplassen tinga endå eit eksemplar. Lengde 9 meter- og sitjeplass til 30 personar.No vert det kkje plass til korkje kulturhus eller rådhus i sentrum.




































