Medan me venter på miljøgate, grøne lunger, signalbygg og nytt rådhus så kan me slappe av og beint fram nyte eit bilete frå Evje sentrum. Frå lufta. Her kan ein sjå teikn til grønt gras, blømande bjørketre og folk som søkjer ly for sola i parken attmed Sparebanken. Det er likevel noke som ikkje stemmer med dette situasjonsbiletet. Bilen til Kjell Omland er ikkje parkert attmed Sparebanken. Eit sikkert teikn på at dette må vere ein laurdag ettermiddag. Så kan ein sjå at godsruta til Setesdal Bilruter stend parkert ved forretninga til røyrleggjar Lien. Godsruta er normalt ikkje på oppdrag på ein laurdag. Det er mykje folk hjå urmakaren- det tyder på gode tilbod og nedsett pris på brilleglas. Wettre he aldri tilbod på ein laurdag. Fotografen heiter Alf Andersen og er truleg den einaste som kan gjeve eit vetugt svar på dette.






