Formannskapet i Evje & Hornnes tok sete i kommunehuset den 26. januar. Sakslista var kjeisam og tilskodarane var i mindretal. Det var Otrahallen på Hornnes- og Senterpartiet som gjekk sigrande ut av dette møtet. Dersom alt gjeng etter planen er det mykje som tyder på at brukarane av Otrahallen om kort tid kan takke Britt Ingrid Andersen for nytt golv i hallen. Det gamle golvet he gjenge ut på dato og er skadeleg for både lårhals og kneskåler. Rådmannen la fram eit forslag om kommunalt tilskot på 100 000 kroner til føremålet. Dette tykte representanten frå Bondepartiet var i minste laget- og ho dobla innsatsen til 200 ooo kroner. Dette forslaget vart vedteke – mot 1 røyst. Elles kan ein nemne at kommunen godtek ein reforhandla leigeavtale med Otrahallen as som inneber auka leigekostnad på 62 000 kroner. Formannskapet løyvde og 10 000 kroner til naudlidne på Haiti. Dette var eit samrøystes vedtak. På biletet ser du representanten Andersen medan ho, med få tastetrykk, reknar ut kva det kommuale tilskotet til Otrahallen bør vere.





