Denne veka er det vinterferie i Agder -og godver er på veg!
| ||||||
| Denne veka er det vinterferie i Agder -og godver er på veg! Siste veka he vore travel for både borna og for dei tilsette i Soltun bornehage. Dei he skipa til olympiske vinterleikar av beste slag. Då me vitja tevlinga i middagsbelet på fredag var det skiskyting som stod på programmet. Paintballkulene susa gjennom lufta på idrottsbanen på Evje. Svært mange traff blinken og nøgde deltakarar kunne [...] På kontorveggen hjå Erik Risdal på Verksmoen heng sjølve symbolet på at den globale oppvarminga framleis ikkje he kome til områda nord for Kiledalen. Folk i grannelaget held på å fryse i hel – og snøen auser ned kvar einaste dag. Postkassa er meir enn klaka og Risdal fær no levert posten beinveges på skrivebordet. [...] Ein skrifteleg garanti om å kunne kome trygt fram er fint å ta med seg – ved alle høve! Sjå Fevennen onsdag 24.februar… Jan Hodne er løypesjef i Moi, Slettefet og Skranevatn krins. I ei motteke pressemelding opplyser Hodne at i løpet av laurdagen vil løypenettet kring Moi verte køyrd opp til nærast olympisk standard. Ei ringløype frå bedehuset på Moi vil svinge innom mellom anna Slettefet Vest- og Jotebakken. Løypa er på nøyaktig 6,7 km- og vert [...] Ein samskipnad av uavhengige pensjonistar gjeng i desse dagar på barikadane for å freiste å stogge ei utbyggjing av Fennefossen. Vegen fram mot målet tykkjest vere lang. Ei meiningsmåling her på nettstaden syner at tilhengjarane av ei kraftutbyggjing tel omlag dobbelt så mange røysteføre som motstandarane. Når det gjeld dei folkevalde i heradstyret syner ei [...] Gro-Anita Mykjåland he fram til no vore leiar av Vatnestrøm grendelag. Ein samskipnad som kan sjå attende på eit svært aktivt år.Tysdag 23.februar vart det kalla inn til årsmøte. Sjølve årsmeldinga er beint fram imponerande lesnad. Vatnestrøm kan trygt kalle seg eit levande bygdesamfunn. Åseral Idrettslag og Åseral Bygdekvinnelag arrangerer i samarbeid med Ljosland Skisenter kostymerenn og Basar på Ljosland fyrstkomande laurdag (27.februar) kl 12:00. Inntekta av arrangementet gjeng til “Leger uten grenser” og er øyremerka arbeidet på Haiti. Med kombinasjonsøvinger som langrenn og slalom kan det verte eit spanade arrangement med premiering innan beste kostyme, beste tid samt [...] PRESSEMELDING! Lørdag 20.02.2010 kom det 3 dansere fra Kristiansand til UKM på Evjemoen, for å holde danseshow i pausa mellom de to sceneavdelingene. De gjorde et forrykende show, og fikk stor applaus. Målet med showet var å ha reklame for kursene de ønsker å holde i Furuly Flerbrukshus søndag 7. mars – siste søndagen i [...] Bortelid Fjellpark he satt opp ein gapahuk attmed skiløypa på Hesthei (like aust for Skiløypevegen på Bortelid panorama). Gapahuken er tenkt å vere til bruk for ålmenta og dei vonar at dette er eit populært tiltak gjennom heile året. Det er den lokale byggmeistaren, Steinar Eikild som he stått for oppføringa av bygget som stod ferdig sist helg. Leiar i Bortelid [...] | ||||||
| Kopirett © 2010 moisund.com - Alle rettigheiter tilhøyrer bygdebladet (Orgnr: 995 060 183) | ||||||