x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Brua er open

Det er jamnt slutt på strafferundene gjennom Fennefossgardane. Klokka 09:14 i dag klyppa ordførar Bjørn A. Ropstad snora, og trafikken kan på ny fye den normale køyrevegen øve åna. Anleggsperioden he strekt seg øve meir enn 5 månader, og trass i ein ekstrem klald vinter så he arbeidfolka klart å halde den oppsette tidsramma. Både brua i Dåsnes. og Fennefossbrua er no oppgraderte til å tole tungtransport og fullasta tømmerbilar. Til sumaren vert det lagt ny asfalt på brua- og på sløyfa om Fennefoss.  Representanten frå vegstellet takka entrepenøren for framifrå arbeid- og ikkje minst  takka han bygdefolket for tolmod i anleggsperioden. Mange vetuge ord vart sagt av både ordførar og tilsette i vegstellet. Me lyt kome attende til dette. Det var ikkje mogleg å notere noke som helst i den aktuelle temperaturen. 

Tidleg måndag morgon, 25 kuldegradar, og dei siste betongblokkene vert fjerna. Ordføraren er på veg. Kvit skjorte, slips- og stivfrosen.

Siste rest av trafikkskilt vert rydda or vegen.

Osvald Uleberg er fyrst i køa. Fyrste bilførar øve den nye brua.

Representanten for handelstanden var nok den som synte fram det breiaste smilet.

Ein historisk augneblink. Sjølve livsnerva mellom Hornnes og Evje vert offisiellt opna.

Dei fyrste bilane legg i veg mot handelssenteret på Evje. Redaktør i Setesdølen Sigurd Hugsgjerd, var fyrtse lovlege fotgjenger øve den nye brua. Så vart han og på ein måte historisk.

Stengt for kommentarer.