Det vart ein forrykande fest då Risdal Touring kalla inn til sitt årvisse reisetreff på Evjemoen. Kinosalen var smekkfull. 300 kundar var påmelde- og alle kom. Meir enn 100 personar stod på venteliste. Eit betre prov på nøgde kundar skal du leite temmeleg lenge etter. Fyrst var dei samla til etegilde på «Majorstuen» – matsova som ligg omtrent vegg i vegg med kontorlokala til Risdal Touring. Klokka 15:14 vart dynna opna til kinosalen og folk fann sine tilmålte plassar. Reidar Pedersen skrudde på mikrofonen og festen kunne take til.Ordførar Bjørn Alfred Ropstad var tilstades med nykjemma hår og blankpussa ordførarkjede. Det var på mange måtar ein stolt ordførar som helsa møtelyden.Stolt øve å ynskje folk velkomne til ein kommune som på mange måtar he snudd noke negativt- til noke positivt. Frå ein tom og fråflytta militærleir he det i dag vakse fram ein ny og moderne næringspark. Ein kommune der kvar einskild he bretta opp armene og gjeve sitt bidrag til det resultatet ein ser i dag. Ei bygd- og ein kommune der folk trivast.Ropstad drog så parallellen til Risdal Touring og ei verksemd som er ekstremt oppteken av at kvar einaste passasjer, kvar einaste kunde, skal trivast og få ei god oppleving. Når ordføraren vitjar ein fest hjå ei privat verksemd, slik han gjorde no på laurdag ettermiddag, så er dette eit klårt signal om at dette er ei verksemd som betyr mykje for bygda.For kommunen.
Fleire samarbeidspartnarar, frå inn- og utland, hadde tak i mikrofonen og presenterte sine produkt på ein framifrå måte. Danskane hadde send to taleføre jenter som representerte hotellkjeda «Best Western»- medan våre vener i aust, Finnland, hadde send ei sjarmerande jente som presenterte » Et hav fullt av opplevelser.» Ho kom frå den ikkje heilt ukjende verksemda Tallink & Silja Line. Odd Harald Ropstad heldt eit flammande innlegg om såkalla «aktive turar» til Italia, Fyresdal, Dolomittene, Bygland og Færøyene. Eit spanande opplegg for dei som vil ha ein bolk med fysiske utfordringer med i billettprisen. Hjå Risdal Touring fær du det aller meste.
Utan å verte for lokalpatriotiske så må ein kunne slå fast at den beste presentasjonen kom frå verksemda Odden Hage / Odden Camping på Evje. Gudrun Salvesen presenterte eit show i lyd og bilete som truleg he festa seg på netthinna til dei fleste. Odden Hage er, etter kort tid, i ferd med å verte eit fyrtårn i lokal- og regional reiselivssatsing.

Sjølv ein alderstrygda gymnasrektor kan verte satt eit grann ut av spel når det vert servert ekte finsk sisu frå scenekanten..

Bjøro Håland er sikker som banken. Folk lot seg rive med, og allsongen ljoma i kinosalen. Ein meister til å synge- og ein meister til å få kontakt med publikum.

Reidar trudde eit bel at Bjøro hadde gløymd teksta, og han freista å hjelpe til så godt han kunne. Bjøro hadde sjølvsagt full kontroll. "Gamle landevei" og " I love you because" sat som eit skot.

Medan Bjøro Håland rådde på scena kunne dei to vangsgutane, Ola Risdal og Tom Roger Øydne, stå bak i salen og stadfeste at dette hadde vore ein strålande dag. Ikkje berre eit reisetreff - men eit stjernetreff.









