x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Ekstraordinær båndtvang i Iveland

Av omsut til viltet vert det no innført båndtvang i heile Iveland kommune. Med dette meinast at hundane skal haldast i band- eller vere innelåst på forsvarleg måte. Dette vedtaket gjeld f.o.m. den 5. februar- og vil halde fram til siste dagen i mars 2010. Dersom du ikkje er samd i dette vedtaket så kan du freiste å klage til fylkesmannen. Lovverket gjev deg nemleg høve til dette. Svar frå denne bolken av den offentlege forvaltninga fær du truleg ikkje før Løvetanna stend i full blom på Skaiå. Skogbrukssjef Lars Johan Skjeggedal seier til moisund.com  seint fredag ettermiddag at når det gjeld Evje & Hornnes kommune så er det ikkje gjort eit tilsvarande vedtak ennå. Skjeggedal er i jamnleg dialog med viltnemda og kjem det meir snø så vert det truleg innført same restriksjonane her. Dette vil likevel ikkje skje i  løpet av inneverande helg.

Stengt for kommentarer.