x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Takkar gode støttespelarar

Otra IL ynskjer å takke gode samarbeidspartnarar- og gode støttespelarar. Ein av desse er ICA Evje.  Kolonialforretninga i Evje sentrum he nyleg ført øve kr 2140.- til ein konto som er øyremerka arbeid for born og unge i bygda. Pengene kjem frå kunder som he vald å donere flaskepanten sin til idrottslaget. Ved sida av panteautomaten inne i forretninga heng det ei postkasse der du kan levere frå deg kvitteringa frå automaten. Kvar krone gjeng så til ny kunstgrasbane i bygda. Oppmodinga må vere at kvar einskild av oss handlar meir drikkevarer hjå Ica, men samstundes passar på å levere tomflaskene attende der dei kjem frå- og så leggje kvitteringa i postkassa. For kvar flaske Cola du drikk så rykkjer kunstgrasbanen eit hakk nærare offisiell opning.

Stengt for kommentarer.