Stundom set ein seg ned og tenkjer etter kor det vart av all den kjekke ungdomen som frekventerte skjenkestovene, kinoen og pylsebua på Evje midt på 70-talet. Me er stadig på leit, og rett som det er så dumper me bort i folk me ikkje he møtt på mange år. Slik var det og denne ettermiddagen i 50- sona på Homstean. To fluger i ein smekk, og fotografiapparatet var sjølvsagt ikkje langt unna. Inge Haukom frå Evje og Reidar Heivoll frå Finsland dukka brått opp i horisonten. Eit nytt radar-par på sørlandske hovudvegar.
Båe med lang og solid røynsle i politiet. Inge Haukom, Snorre blandt vener, var ei tid tilsett som vegvaktar i Setesdal før han fann ut at han ville byte uniform. Guten er framleis rørsleg i lekamen sjølv om hårfestet he flytta seg eit par centimeter lenger opp sidan sist me var i hop i festleg lag. Inge he patruljert gatene i både Arendal, Lillesand, Oslo, Stavanger og Kambodja. På alle måtar ein røynd politimann. Om eit par -tre år vert han alderstrygda og i tida fram til då vil Inge gjere teneste som dreng i Utrykningspolitiet. Som kompanjong i den velbrukte politibilen he Haukom med seg ein etnisk finslending. Mange dreg nok kjensel på Reidar Heivoll. Han vart uteksaminert frå Hornnes Landsgymnas i 1975 og budde på hybel hjå Ragnhild og Odd Harald Robstad. Dei var då busett i Dåsvannsdalen. Reidar he dei siste 15 åra vore personalsjef på politihuset i Kristiansand. No stend han framføre ei ny utfordrande oppgåve – han skal halde styr på Inge.

Inge vert stadig avbroten av meldinger på sambandsnettet. Evjefolk på handletur til byen må no vere ekstra varsame. Ein veit aldri kor tid Snorre stiller seg opp på ei høveleg busslomme med videokameraet vend mot køyreretninga.







