Torsdag 11. februar var det open skule, for elevar i 10. klassetrinnet, hjå den vidaregåande skulen på Hornnes. Alle ungdomsskulane som har tilknyting til Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes, var invitert. Elevar frå Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes samt Skarpengland var tilstades. Dei fekk orientering om ulike studieretninger, dei fekk take del i i undervisninga, omvising på skulen-og så vart dei servert lunsj i kantina på elevheimen. Sjølv med ei god matøkt og mange spanande emne i undervisningsbolken var det utan tvil kjemileksjonen til Håland og Rosseland som vekkja mest åtgaum. Her hadde dei gamle parhestane i kjemi lagt opp til eit spektakulært show saman med elevane i 3Kj. Eit show ein sjeldan fær oppleve i eit klasserom. Eldkuler, bobler og heimelaga is i ei god blanding. Elevane frå grunnskulen fylgde godt med. Til slutt fekk dei alle smake på heimelaga vaniljeis. Eg fekk og smake og kan berre seie at kjem denne isen ut på den opne marknaden så vert den ein verdig konkurrent til Hennig Olsen. Laga på under eitt minutt, med ein skvett nitrogen som ingrediens saman med fløyte og anna godt.














