x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Folkemøta held fram på Evje

Folkemøte på Furuly tykkjest vere den nye forma for tidtrøyte i lokalmiljøet i Evje & Hornnes. Sjølv midt under dei olympiske vinterleikane i Vancouver tykkjest folk møte opp mannsterke når stat eller kommune opnar opp dynna på foreningshuset Furuly. Måndag denne veka var  det NVE  som kalla inn til møte. Saman med Agder Energi ville dei informere om ei mogleg kraftutbyggjing av Fennefossen. Møtelyden, 54 personar i talet, fekk ei grei og proffesjonell orientering i klår tale- og levande bilete på storskjerm. Eit engasjert publikum. Dei fleste som tok ordet var nok skeptiske til ei kraftutbyggjing. Slik er det ofte på folkemøte. Motstandarane talar si sak- medan tilhengjarane ofte sit tagale bakerst i salen. Dei fleste sit heime. I april skal heradstyret avgjere denne saka lokalt. Det er likevel heilt udiskutabelt at NVE he det aller siste ordet. Det avgjerande ordet. Dette kan ikkje noke folkemøte gjere noke som helst med.

Foto: Alf Andersen

Foto: Alf Andersen

Søren Østerhus er ein samfunnsengasjert mann som alltid framfører sine synspunkt på ein roleg og grei måte. (Foto: Alf Andersen )

Stengt for kommentarer.