x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Kronprinsparet vitjar Evje & Hornnes

I ei pressemelding frå Fylkesmannen i Aust Agder vert det stadfesta at Kronprinsparet vil vitje fylket vårt komande sumar. I tidsromet mellom tysdag 31. august- og torsdag 2. september skal dei vitje fleire ulike kommunar i indre Agder. Blandt desse er altså Evje & Hornnes. Fylkesmann Djupedal skriv i pressemeldinga at han er stolt av at Kronprinsparet vitjar Aust Agder. Ja den same Djupedal he no alltid vore ein trugen ven av Kongehuset. Dette vert ein folkefest og så vonar me sjølvsagt at me kan syne fram vår eiga bygd på ein framifrå måte ein av desse dagane. Ordføraren lyt finne fram bunaden og Elisabeth Leifsen bør snarast byrje å kvesse blyanten. Me må då i det minste ha ein god prolog å servere frå paviljongen i sentrum.

Stengt for kommentarer.