x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Henta heim Kongepokalen i 1974

Få sørlendinger kan sjå attende på ei meir aktiv og prestisjetung idrottskarriere enn Ole Per Strædet. 60 år gamal og framleis toleg klår i hovudet.  Ole Per er i dag rektor på Eikeland skule på Hægeland og  framleis trenar han den vesle seige lekamen 3-4 gonger kvar einaste veke. I 1974 vart Ole Per noregsmeister i skiskyting på Vingrom. Heimbygda til Håkon Brusveen. Distansen var 20 km klassisk stil og på høra hang ei grovkalibra mauserrifle. Det var den gong det var skikkeleg smell på standplassen og børsa var langt frå rekylfri. Bloddoping og anabole steroider var ukjende fenomen for dei aller fleste.Det er nok likevel som landslagstrenar for dei norske skiskyttarane at Strædet he hausta mest åtgaum og fagnad. I glansdagane dreiv han fram kjende skinamn som Odd Lirhus, Kjell Søbakk, Gisle Fenne og Eirik Kvalfoss. I tillegg he han vore landslagstrenar for både Sverige og Storbritania. Ole Per fekk oppleve mange høgdepunkt som trenar for dei norske gutane. Kvalfoss vart m.a. verdsmeister i 1982, 1983 og 1989. Same guten henta heim gullmedalje frå OL i Sarajevo i 1984. Slike høgdepunkt legg seg sjølvsagt djupt i minne hjå ein stillfaren mann frå Skarpengland.

Tidlegare noregsmeister og landslgstrenar Ole Per Strædet. ( foto: moisund.com )

Som trenar var Ole Per Strædet med på fleire olympiske leikar. Sarajevo, Albertville – og Lillehammer. Han he gode minner frå denne tida og tykkjer det er noke underleg når han i dag sit heime i skinnstolen og fyer Ole  Einar Bjørndalen på flatskjerm. Dei to er gamle kjende. Då Bjørndalen var juniorløpar var det ein periode Ole Per som styrte ungguten inn på rette låma. Ein må absolutt kunne seie at vegvalet den gong he bore frukter.

Når me så vrir samtalen inn på doping i idrotten så vert Ole Per meir tagal. Han tenkjer lenge før han konkluderer med at tidleg på 80-talet så var dette eit marginalt problem. Det var ikkje utvikla skikkelege metodar for å avsløre fusk og fanteri på dette området. Stundom vart det kviskra i krokane men det var aldri noke stort problem. Han er likevel sikker på at både svenske og norske utøvarar i dag er hundre prosent dopingfrie. Det er ikkje kultur for slikt her. Han registrerer og at kvar gong ein russer gjeng styggfort på ski så vert det ropa høgt om doping og ulovlege metodar. Dette skjer t.d. aldri når ein nordmann gjeng like fort på ski. Ole Per Strædet lyfter augo mot taket, han blunker to gonger- og me skifter emne.

Kvart einste år samlar han i hop venegjengen og reiser på World Cup i skiskyting i Italia. Til Anterselva. Ole Per he framleis mange gode vener i det internasjonale skiskyttarmiljøet. Han vert teken vel i mot og er såleis ein framifrå reiseleiar. På mange måtar ein fagmann.

Stengt for kommentarer.