Me he aldri vore i tvil om at standarden på våre lokale kjøpmenn- og kvinner er meir enn tilfredstillande. Dugande folk som trekkjer til seg kundar frå store delar av Sørlandet. No er dette stadfesta ei gong for alle. Nille-butikken i Evje sentrum er kåra til den beste butikken i heile landet i sitt slag. I desse dagar haglar det med fagre ord, pengepremiar og flotte turar til dei driftige jentene hjå Nille. Tonje Skauen he drive den flotte forretninga sidan 1994. Ingen andre Nille-butikkar i heile Noreg kan syne fram maken til resultat. No reiser Tonje på luksustur til Kreta- og til Hong Kong. På full løn.Det heile tok til då alle Nille-butikkane i heile kongeriket deltok i ei nasjonal tevling der utfordringa var å selje mest mogleg «gebursdagsutstyr» til kundane. Til kvar einskild kunde. På Evje vart resultatet at kring 60% av kundane som var innom Nille kom ut att med ballongar, papirhattar, serviettar, bordkort og det som elles høyrer med til ein minnerik åremnålsdag. Du finn snart ikkje ein heim på Evje der dei i dag ikkje gjeng rundt i stova og blæs opp ballongar frå Nille. Tonje er heilt klår på at dette er eit resultat som ho ikkje på noke vis hadde fenge til ålleine. Ho nemner sine gode, dyktige medarbeidarar som ho er så uendeleg avhengige av. I tillegg til Elin Klungeland så er dette Gry Anita Thorland, Vjolica Hajra og Silje Haukom.
Lenge kniva Tonje og staben hennar heilt i teten med ein Nille-butikk på Kvadrat kjøpesenter i Sandnes. Til sist måtte rogalendingene gjeve tapt. Sigeren gjekk til Evje, og no er premien klar.Tonje reiser på luksusferie til Kreta. Alt betalt av dei store gutane på toppen av Nillesystemet.
Eventyret stoggar ikkje med dette. Då moisund.com talar med Tonje på fredag ettermiddag er ho nærast i sjokktilstand. Det he seg slik at i desse dagar så byrjar konsernet Nille å få fram driftsresultata frå forrige kalenderår. 2009 vart eit glimrande år for Nille på Evje. Best i heile landet. På det meste. Driftsresultat, kundehandsaming, konkurransar, meirsalg og truleg au profilering. For dette mottek forretninga ein superbonus, eller ein pengepremie som me ville sagt det på lokal dialekt. I tillegg fær Tonje seg ein tur til Hong Kong. Saman med toppleiinga i Nille vert ho med på innkjøpstur. Den drivande forretningskvinna på Evje skal no med på å avgjere kva varer resten av butikkane i landet skal ha i hyllene. Vel fortent. Tonje set kursen mot daglegvareforretninga i sentrum. Dette er ein lukkedag. Fyrst vann ho ein tur til Kreta. Så vann ho ein superbonus. Så vann ho ein tur til Hong Kong. Alt på ein dag. Kva skal ho på butikken å gjere trur du…??? Ho skal sjølvsagt levere ein lottokupong eller to. Lukka snur ikkje så brått.








