Ungdommens kulturmønstring 2010 vart skipa til no på laurdag i Evjemoen kino. Ei mønstring av lokale kunstnarar og utøvarar frå Iveland, Bygland og Evje & Hornnes. Det som fyrst av alt møter ein på ei slik kulturframsyning er den ekte og den naturlege spelegleda som dei unge utøvarane utstråler. I salen sit forventningsfulle og stolte foreldre og føresette.På mange måtar eit kravstort publikum. Det som på mange måtar må vere vanskeleg på ein slik dag må vere å plukke ut eit knippe vinnarar som etter kvart skal vidare til ein fylkesfinale. På scena denne laurdags ettermiddagen var det i grrunnen berre vinnarar. Kvar på sin måte.Så veit ein frå tidlegare framføringer at namn som Christine Høgetveit, Marie Nicolaysen og Håvard Rosseland er kjende lokale namn som ber bod om musikalsk handverk av høg klasse. Ein kunne heller ikkje unnlate å merke seg rockegruppa «Toxic» som tok seg inn på scena i eit ellevillt inferno av ljos og røyk. 17 år gamle Merete Guldsmedmoen, dotter etter Geir og Åse Guldsmedmoen, er og eit namn me vil høyre meir til i komande år. Merete framførte ein melodi ho hadde skive sjølv og skal ein døme etter applaus frå salen så hausta ho mykje fagnad for dette musikalske innslaget.

Programleiarane Øyvind Gakkestad og Cecilie Berg leia festen på ein meisterleg måte. Dei heldt seg stramt til det oppsette programmet og gav sitt viktige bidrag til at heile kulturmønstringa vart halden innanfor proffesjonelle- og trivelege rammer. Ikkje minst vart det ein triveleg ettermiddag for folk i alle aldre. Også dei med tittelen 50 +

Ein utprega publikumsmagnet. Ungjentene hylte og skreik. Denna karen traff 100 % med antrekk- og utstråling.

Liten mann på eit stort instrument. Denna karen spela slagverk som om han ikkje skulle ha gjort noko som helst anna heile sitt liv.
Desse gjeng vidare til fylkesmønstring:
* Silje Rebekka Jørgensen (Iveland (16 år)) – Foto: ”Foss”
* Kristina Fiveland (Iveland (18 år)) – Maleri: ”Møte på stranden”
* Silje Skagestad Honnemyr (Iveland (13 år)) – Maleri: ”Smartulv”
* Synnøve Knutsvik (Iveland (13 år)) – Piano, melodi: ”Who am I”
* Christine Høgetveit (Evje & Hornnes (15 år)) – Piano og sang: ”Run”
* Toxic (Evje & Hornnes (band 4 gutter 13 år (Håvard Hunshamar, Asgeir Hunshamar, Arne Vivelid og Simen Haugslien)) – Ukjent tittel
* Vilde og papps (Evje & Hornnes (11 og 16 år) – Sang, tittel ”Miss you love”.
Vilde Haugland Bjorå (11 år) og Julian Bjorå (16 år)
Sjarmørprisen vart tildelt Daniel Moseid (Evje & Hornnes (11 år)). Spilte piano – en poplåt sammensatt av fleire låtar

I tillegg til song og musikk så var det og framføring av dans og revy. Det vart synt fram kunstverk som måleri, foto og teikning. I restaurangavdelinga serverte Heidi Rupa smellfeit sjokoladekake, Jan Olaf Uleberg hadde ansvar for branntryggleiken- og kulturkonsulenten Finn Terje Uberg hadde jobb som dørvakt.















