Tips til å kome vidare med bustadfelt på Moisund: Kvifor så lita forståing for fylkesmannens nei? Kvifor ikkje heller ta ballen og prøve å finne løysing? Eg foreslår at de legg inn i reguleringsplanen at det skal byggast varmt venterom ved busshaldeplassen på Moisund og sykkelparkering med tak over. Bygging og drift må leggast inn i tomteprisen, og i avtaleverk knytta til tomtesal. Spør om fylkesmann, fylke og Setesdalsruta er interessert i å bidra! Eg pendlar sjøl med Setesdalsruta mellom Evje og Kristiansand. Å kjøre buss er fint. Du kan få nye vener. Du kan lese, prate med naboen, sove eller høyre på radio dersom du har med deg høyreremedier til å plugge i busstaket over setet ditt. I løpet av bussturen les eg ferdig Fevennen og halvvegs ei anna avis. Og eg syklar til busstasjonene så sant eg kan, heile året. Det gir meg også mange gleder. Eg får trim, frisk luft, naturopplevingar, og ikkje minst, opplevinga av at det går an å sykle i allslags ver, heile året. Og eg får godt samvit for at CO2 utsleppet mitt er så lågt det kan vere.
På Evje er me så heldige å ha eit varmt venterom. Det er svært viktig for oss som syklar til busstasjonen. Om vinteren må ein legge inn litt ekstra tid til at sykkelturen kan ta litt lenger tid. Dersom den då ikkje gjer det, og ein må vente på bussen, er det gullgjevt å ha eit varmt venterom å redde seg inn i.
Båtar har redningsutstyr, ikkje fordi dei ansvarlege veit det blir bruk for det, men fordi ein veit det kanskje kan bli bruk for det.
Forskarar registrerer temperaturutvikling på jorda og følgjer av dette som peikar i ei retning som kan ende med katastrofe. Dei veit det kan hende ikkje sikkert. Men dei gir råd om kva me kan gjere for å unngå katastrofen, redusere utslepp av CO2. Få er villige til å ta desse råda alvorleg. Dei fleste trur meir på klimaskeptikarane, som hevdar klimaendringane ikkje kjem av menneskeleg aktivitet.
Den varsla katastrofen kjem ikkje i vår levetid, sjølv om teikna på endringane er mange alt nå. Mange rundt om på kloden får liva sine ruinert av klimaendringar som mest truleg er følgje av levemåten vår i den industrialiserte og utvikla del av verda.
Når eit skip havarerer må redningsutstyret vere klar til bruk.
Nå klimakatastrofen eventuelt er i gang, kan den ikkje stoppast. Kvifor ikkje få på plass livredningsutstyret? Kvifor ikkje innrette liva våre slik at me bidreg til å motverke denne negative utviklinga? Det kan gje oss mange uventa gleder, godt samvit og endåtil betre helsa vår.
Helsing Ålaug Rosseland






