x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Nå eller aldri

Wenche Fidje er leiar i den elleville revygruppa «Vegglusa» som he hovudsete på Engesland. Sist dei spelte revy på Engesland var i 2005. No vil dei 11 personane, som alle er i sin beste alder, freiste å blåse liv i gamal moro. Tittelen på revyen er » Nå eller aldri.» Eit klårt signal til sambygdinger og godtfdolk i grannelaget. Kom dykk ut av godstolen og tak turen på lokalrevy.Ei vitamininnsprøyting for heile bygda.Framsyninga vert på Engesland grendehus, laurdagen den 13. mars. Wenche Fidje seier at dersom dette gjeng bra og etterspurnaden etter billettar vert stor nok så er ikkje revygruppa framande for ei ekstra framsyning på sundagen.  På Engesland er det dei frie marknadskreftene som rår. Eit samspel mellom tilbod eog etterspurnad.

Wenche kan avsløre at m.a. den vidgjetne bensinpumpa på Engesland stend på programmet når Vegglusa tek plass på scena den 13. mars

Totalt inneheld revyen 20 innslag. Freske innslag. For det meste sketsjar, men også ei og anna musikalsk sviske. Karsten Kleivane he fenge det ærefulle oppdraget å vere musikalsk leiar. På gitar. Elles er det klinkande klårt at den falmande skiskyttardronninga, Gunn Margit, fær sin velfortente plass i lokalrevyen. Ho he tross alt sine djupe slektsrøter frå Engesland.

Til sist kan Wenche Fidje slå fast at du slett ikkje treng vere frå Vegusdal for å ha moro av dette. Revyen er laga slik at dei aller fleste vil skjøne kva som vert synt fram. Det er plass til rundt 300 tilhøyrarar i salen. Dei ventar folk frå Vegusdal, Birkenes, Herefoss, Evje & Hornnes, Arendal – og sjølvsagt frå moisund.com. Bygdebladet for dalstroka innanfor.

Stengt for kommentarer.