x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Ny gapahuk i Bortelid

Bortelid Fjellpark he satt opp ein gapahuk attmed skiløypa på Hesthei (like aust for Skiløypevegen på Bortelid panorama). Gapahuken er tenkt å vere til bruk for ålmenta og dei vonar at dette er eit populært tiltak gjennom heile året. Det er den lokale byggmeistaren, Steinar Eikild som he stått for oppføringa av bygget som stod ferdig sist helg. Leiar i Bortelid Fjellpark, Trond Egil Åknes vil nytte høvet til å takke ABCenter, Sparebanken Sør (Åseral) og Åseral Kommune for gode økonomiske tilskot som he gjort det mogleg å realisere dette tiltaket.

Opning til laurdag, sjå pressemeldinga her!

Elles vil me oppfordre folk til å ta ein tur ut til gapahuken på fyrstkommande laurdag kl 1300 (27. feb). Då blir det offisiell åpning med snorklypping av Kim Robert Danielsen(formann i hyttelaget på Bortelid). Det blir gratis kaffi, kakao, vafler og lapper(som me steiker på plassen). Bål som folk kan steike medbrakt pylser og mat på. Det blir au gratislotteri med mange fine premier frå sponsorar. Og ikkje minst sosialt samver.

Me reiknar med at det kjem ein del folk som tek turen ut. Det er spådd flott ver med sol og levelige temperaturer, så me reiknar med at det kjem eindel folk.

Så håper me at folk vil bruke denne gapahuke flittig i åra framover. Me vil også gjere oppmerksom på at folk må rydde opp etter seg og ta med seg søppel og vere forsiktige med opptenning av åpen eld. Det blir satt opp ei bålgryte som heng i kjetting frå taket med lokk over. Så me håper det gjeng greit.

Slik ser gapahuken ut. (Foto: Lennart Reiersdal)

Stengt for kommentarer.