Gro-Anita Mykjåland he fram til no vore leiar av Vatnestrøm grendelag. Ein samskipnad som kan sjå attende på eit svært aktivt år.Tysdag 23.februar vart det kalla inn til årsmøte. Sjølve årsmeldinga er beint fram imponerande lesnad. Vatnestrøm kan trygt kalle seg eit levande bygdesamfunn.
I mars månad vart det skipa til generalforsamling der det m.a. vart vedteke å dele ut ei gåve til alle nyfødde på Vatnestrøm. Ei velkomstgåve frå stolte sambygdinger.
Med hjelp av solid dugnadsinnsats frå store delar av bygdefolket vart det gjennomført ein flott auksjon på grendehuset i byrjinga av mai. Spaninga var stor på førehand men det kom inn uendeleg mykje lopper - og handelen gjekk strykande.
For andre året på rad vart det skipa til 17.ma-i frukost på grendehuset. Eit populært tiltak som samla mykje folk- og ikkje minst vart det ein gild og sosial start på Grunnlovsdagen. Når jolegråna skal kveikjast vert det servert jolegraut med tilhøyrande fakkeltog og kristeleg jolemusikk.Felles sankthansfeiring på «badeplassen» og linkeparty for ungdomen på grendehuset høyrer og med på oppsummering for 2009.
Mykje meir kan nemnast frå bygda med eigen informasjonsavis, nytt moderne bryggeanlegg for fritidsflåta og ikkje minst ein svært dugande kalenderkomite. Alt dette kjem me attende til ved eit seinare høve.





![ivar-mjaland-500x451[1]](http://www.moisund.com/wp-content/uploads/2010/02/ivar-mjaland-500x4511.jpg)
![god-jol-500x334[1]](http://www.moisund.com/wp-content/uploads/2010/02/god-jol-500x3341.jpg)
![kal-2-500x437[1]](http://www.moisund.com/wp-content/uploads/2010/02/kal-2-500x4371.jpg)
