x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

februar 2010
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jan   mar »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
logo-gsi

Ikkje global oppvarming på Verksmoen

På kontorveggen hjå Erik Risdal på Verksmoen heng sjølve symbolet på at den globale oppvarminga framleis ikkje he kome til områda nord for Kiledalen. Folk i grannelaget held på å fryse i hel – og snøen auser ned kvar einaste dag. Postkassa er meir enn klaka og Risdal fær no levert posten beinveges på skrivebordet. Alle ser no fram til at det nye bustadfeltet på Moi skal reise seg or oskehaugen og biltrafikken på Rv 9 skal verte så tett at den lokale middeltemperaturen vil stige mange hakk på skalaen. Då kan truleg Erik Risdal på ny take i bruk postkassa si.

Disponent Erik Risdal ser på postkassa si og avlyser den globale oppvarminga.

Posten skal sjølvsagt fram men Oddveig vart ein grann skræmd då ho fekk sjå denne utgåva av ei lokal postkasse.

Oddveig ser fram til at det kjem eit nytt bustadfelt på Moi. Då vil biltrafikken auke, temperaturen stige- og dei tilsette i posten slepp å vasse i djupsnøen for å få levert Setesdølen, straumrekninga - og ikkje minst den daglege bunka med reklamematriell. Postkassa til Erik Risdal er noke av det fælaste ho he sett. Klaka frå topp til tå.

Stengt for kommentarer.