Siste veka he vore travel for både borna og for dei tilsette i Soltun bornehage. Dei he skipa til olympiske vinterleikar av beste slag. Då me vitja tevlinga i middagsbelet på fredag var det skiskyting som stod på programmet. Paintballkulene susa gjennom lufta på idrottsbanen på Evje. Svært mange traff blinken og nøgde deltakarar kunne hente si velfortente medalje på rennkontoret. Pylse med ketsjup og sennep var og ein del av premien. Strafferunder og tilleggsminutt var ikkje tema denne føremiddagen. Tidlegare i veka vart det tevla i både langrenn, skeiseløp og aking. I nærleiken av bornehagen he dei laga til ein OL-arena i miniatyr. Her finn du skeisebane, langrennsarena, bakke for hopp og kulekøyring og flotte tilhøve for ivrige tilskodarar. Pylsebua er open og faglært helsepersonell tek seg av eventuelle idrottsskader.

Linda Haugen kunne ynskje velkomen til olympiske vinterleikar. Denne folkefesten kjem truleg inn under bolken " compact games."
Her kan du sjå fleire bilete frå den store skiskyttartevlinga, og folkefesten, som gjekk føre seg på idrottsplassen på Evje fredag føremiddag. Lite vind og gode skytetilhøve.





